Bratislava

Bratislava
by
Flagg
Våpenskjold
Kallenamn: Den vakre ved Donau, Store vesle byen
Land  Slovakia
Region Bratislava kraj
Høgd 126–514 m
Areal 367,6 km²
Folketal 475 503 (1. januar 2021)
Postnummer 8XX XX
Bilnummer BA
Kart
Bratislava
48°08′41″N 17°06′46″E / 48.144722222222°N 17.112777777778°E / 48.144722222222; 17.112777777778
Wikimedia Commons: Bratislava

Bratislava er hovudstaden og den største byen i Slovakia.[1] I 2009 hadde byen om lag 430 000 innbyggjarar. Byen ligg heilt sørvest i landet, rett ved grensa til Austerrike og Ungarn. Byen er delt i to av Donau. Bratislava og Wien er dei to hovudstadane i Europa som ligg nærast kvarandre, mindre enn 60 km.

Bratislava er det politiske, kulturelle og økonomiske senteret i Slovakia. Den slovakiske presidenten sit her i lag med parlamentet og andre greiner av regjeringa. Her ligg fleire universitet, museum, teater, galleri og andre viktige kultur- og utdanningsinstitusjonar.[2] Mange av dei største føretaka og finansinstitusjonane har hovudkvarter i Bratislava.

Historia til byen, som lenge var kjend under det tyske namnet Pressburg og det ungarske Pozsony, har vore sterkt påverka av forskjellige nasjonar, nemleg austerrikarar, tsjekkarar, tyskarar, ungarar, jødar og slovakar.[3] Byen var hovudstad i Kongedømet Ungarn under Habsburgmonarkiet[4] frå 1536 til 1783, og har vore heimstad for mange slovakiske, ungarske og tyske historiske personar.

Det mest dominerande bygget er Bratislavský hrad – Bratislava slott – som ligg på ei høgd med utsikt over byen. Bratislava har ein gamleby med mange kulturelle institusjonar.

  1. «Folketal 31. desember 2006». Statistisk sentralbyrå i Slovakia. 23. juli 2007. Arkivert frå originalen 11. august 2011. Henta 9. april 2009. 
  2. «Brosjyre - Welcome to Bratislava» (PDF). City of Bratislava. 2006. 
  3. «Brosjyre - Culture and Attractions» (PDF). City of Bratislava. 2006. 
  4. Gruber, Ruth E. (10. mars 1991). «Charm and Concrete in Bratislava». The New York Times. The New York Times Company. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne