Breakfast in America Studioalbum av Supertramp | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 29. mars 1979 | |
Innspelt | Mai til desember 1978 | |
Studio | The Village Recorder (Studio B) i Los Angeles | |
Sjanger | ||
Lengd | 46:06 | |
Selskap | A&M | |
Produsent | Peter Henderson, Supertramp | |
Supertramp-kronologi | ||
---|---|---|
Even in the Quietest Moments... (1977) |
Breakfast in America | Paris (1980)
|
Singlar frå Breakfast in America | ||
|
Breakfast in America er det sjette studioalbumet til det engelske rockebandet Supertramp, gjeve ut av A&M Records den 29. mars 1979. Det vart spelt inn i 1978 i The Village Recorder i Los Angeles. Albumet inneheldt singlar som vart hittar i USA: «The Logical Song» (6. plass), «Goodbye Stranger» (15. plass), «Take the Long Way Home» (10. plass) og «Breakfast in America» (62. plass). I Storbritannia vart «The Logical Song» og tittelsporet topp 10-hittar, dei einaste to gruppa fekk i heimlandet.[5]
I 1980 vann Breakfast in America to Grammyprisar, inkludert for beste lydteknikar, og Grammy-nominasjonar for årets album og beste popsong av ein duo eller ei gruppe med vokal. Albumet har selt til 4x platinaplate i USA og var det bestseljande albumet til Supertramp med meir enn fire millionar selte eksemplar i USA aleine. Det gjekk heilt til topps på Billboard Pop Albums-lista for seks veker, fram til 30. juni 1979.[6] Albumet gjekk òg til topps i Noreg, Austerrike, Spania, Canada, Australia og Frankrike.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet AllMusic
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Fisher
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Holden
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Pinfold