Bredon Hill | |||
Marilyn | |||
Parsons Folly & den indre vollen i Kemerton Camp på toppen av Bredon Hill
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Topp | Worcestershire | ||
• høgd | 299 moh. | ||
• Primærfaktor | 257 m | ||
![]() Bredon Hill 52°03′37″N 2°03′46″W / 52.060161111111°N 2.0626694444444°W | |||
Wikimedia Commons: Bredon Hill |
Bredon Hill er ein ås i Worcestershire i England, sørvest for Evesham i Vale of Evesham. Åsen høyrer geologisk sett til Cotswolds og høyrer til Cotswolds Area of Outstanding Natural Beauty. Toppen har ei høgd på 299 meter over havet.
På toppen står eit lite steintårn kalla Parsons Folly (eller Kemerton Tower). Tårnet vart bygt på midten av 1700-talet for John Parsons, MP (1732–1805), ein godseigar, og var meint som sommarbustaden hans. Tårnet vart eit velkjent landemerke og ein trur det kan ha inspirert til bygginga av Broadway Tower.
På åsen er det òg restar etter eit åsfort frå jernalderen, kalla Kemerton Camp. Elmley Castle ligg på nordsida av åsen, og her er òg ruinane etter eit mellomalderslott.