Breivikbotn

Breivikbotn
tettstad
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Hasvik
Areal 0,33 km²
Folketal 315  (2024)
Folketettleik 955 / km²
Postnummer 9593 BREIVIKBOTN
Preposisjon i Breivikbotn
Kart
Breivikbotn
70°35′24″N 22°17′35″E / 70.59°N 22.293056°E / 70.59; 22.293056

Breivikbotn (nordsamisk Goahtečorru) er administrasjonssenteret i Hasvik kommune, vest i Finnmark, på 70. breiddegrad nord. Tettstaden har 315 innbyggjarar per 1. januar 2024 og ligg vest på Sørøya, ved Breivikfjorden som er ein del av Lopphavet. Frå Breivikbotn går Riksveg 882 sørover til tettstaden Hasvik, og derifrå er det ferjesamband til Øksfjord i Loppa kommune. Mellom Breivikbotn og Sørvær lenger nordvest på øya går det fylkesveg.

Det er barnehage og barneskule på staden og Honningsvåg fiskarfagskole og videregående skole har filial i Breivikbotn.

Breivikbotn er eit fiskevær som ligg vêrhardt til utan noko naturleg ly frå Lopphavet, og det er bygd ein kraftig molo til å verne hamna. På seinvinteren og våren vert det såkalla «Breivikfisket» drive i Breivikfjorden, og då kjem det båtar frå fjern og nær til området. Breivikfjorden vert kalla «Lille Lofoten» på grunn av det rike fisket.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne