Brian Hopper | |||
| |||
Fødd | 3. januar 1943 (82 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Whitstable | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Sjanger | Canterbury scene | ||
Instrument | saksofon, gitar, vokal | ||
Verka som | songar, saksofonist, jazzmusikar, jazzgitarist |
Brian Hopper (fødd 3. januar 1943) er ein britisk gitarist og saksofonist.
Han er den eldre broren til bassisten Hugh Hopper og i lag var dei medlemmar i Canterbury scene-bandet Wilde Flowers. Han spelte òg saksofon på Soft Machine-albumet Volume Two og var medlåtskrivar på fleire av songane på debutplata deira. Då to av bandkollegaene hans døydde tidleg i 1970-åra, gav Hopper opp musikkarrieren og byrja å arbeide innan jordbruksforsking i staden.[1]
Først seint i 1990-åra byrja Hopper å spele musikk att.