Bring It On Home to Me

Bring It On Home to Me
Singel av Sam Cooke
B-side

«Having a Party»

Språk engelsk
Utgjeve 8. mai 1962
Innspelt 26. april 1962, RCA Hollywood, Studio 1
Lengd 2:42
Selskap RCA 8036
Komponist Sam Cooke
Tekstforfattar Sam Cooke
Låtskrivar(ar) Sam Cooke
Produsent Hugo Peretti, Luigi Creatore
Sam Cooke-kronologi 
«Twistin' the Night Away»
(1/1962)
Bring It On Home to Me «Nothing Can Change This Love» b/w «Somebody Have Mercy»
(1962)


«Bring It On Home to Me» er ein soulsong frå 1962, skriven og spelt inn av R&B-songaren Sam Cooke. Songen, som handlar om utruskap, vart ein hitt for Cooke og har vorte ein popstandard, spelt inn av mange andre artistar i mange forskjellige sjangrar. Songen er ført opp på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll. Med seg på sin versjon har Cooke Lou Rawls som syng korvokal.

Songen vert av mange historikarar rekna for å vere ein av dei definitive soulsongane, sidan han nyttar ein formel som framleis er særs populær i dag. Eit konsertopptak av songen av Cooke i Miami frå albumet Live at the Harlem Square Club, 1963, er rekna som hans personlege syn på korleis soulmusikk skulle vere.

Singelen hadde «Having a Party» som B-side. B-sida nådde lista først og klatra til 17. plass sommaren 1962, før A-sida klatra til 13. plass seinare på sommaren.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne