Britisk blues | |||
Stilmessig opphav | Blues, britisk jazz, skiffle, elektrisk blues, rhythm and blues | ||
---|---|---|---|
Kulturelt opphav | Midten av 1900-talet i Storbritannia | ||
Typiske instrument | Gitar, piano, munnspel, elektrisk orgel, bassgitar, trommer, saksofon, vokal | ||
Avleidde former | Britisk akustisk blues, britisk elektrisk blues |
Britisk blues er ein musikksjanger som oppstod frå amerikansk blues seint i 1950-åra og som var på sitt mest populære i 1960-åra, då det vart utvikla ein særeigen og innverknadstung stil som var dominert av elektrisk gitar og gjorde artistane innan sjangeren til internasjonale stjerner. Døme på desse artistane er The Rolling Stones, The Animals, Eric Clapton, Fleetwood Mac og Led Zeppelin.