Britisk Vestindia (engelsk British West Indies) var eit omgrep for øyane i Det karibiske havet som var del av Det britiske imperiet.[1] Det kan tidvis også inkludera Britisk Honduras og Britisk Guyana på det amerikanske fastlandet.[2][3]
Frå og med 1912 var Britisk Vestindia delt inn i åtte koloniar: Bahamas, Barbados, Britisk Guyana, Britisk Honduras, Jamaica (med dei då underlagte områda Turks- og Caicosøyane og Caymanøyane), Trinidad og Tobago, Windward- og Leewardøyane.[2] Mellom 1958 og 1962 var alle øyregionar bortsett frå Dei britiske Jomfruøyane, Bahamas, Britisk Honduras og Britisk Guyana organiserte i Den vestindiske føderasjonen. Dei fleste av territoria, og alle dei større, er no sjølvstendige som separate land med medlemskap i dei fleste internasjonale forum som Organisasjonen av amerikanske statar, Association of Caribbean States, Verdshandelsorganisasjonen, Dei sameinte nasjonane, CARICOM, Samveldet og Caribbean Development Bank med fleire. Resten er britiske oversjøiske territorium. Alle dei tidlegare nasjonane i Britisk Vestindia bortsett frå Dominica, Guyana og Trinidad og Tobago er samveldeland.[4]