Britisk historie

The History Of The Union Of Great Britain (1709) av Daniel Defoe.

Britisk historie omfattar historia til dei britiske øyane, særleg i tida då dei har vore del av kongeriket Storbritannia.

Det sameinte kongedømet av Storbritannia og (Nord)-Irland blei danna gjennom fleire erobringar og unionar. England oppstod frå Wessex, det sigrande av fleire mindre rike i mellomalderen, som gradvis tok kontroll over rike som Cornwall, Wales, Northumbria og øya Irland. England og Skottland kom i personalunion i 1603 og inngjekk ein unionsavtale i 1707 (underskriven 1706).[1] Endå ei unionsforordning i 1800 la kongedømet Irland inn under unionen og danna Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland.

  1. «Articles of Union with Scotland 1707». www.parliament.uk

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne