Broughton Bay er ei bukt og ei strand på Gowerhalvøya sør i Wales, heilt nordvest på halvøya. Innanfor bukta ligg sanddyner. Ved fjøre sjø er det mogeleg å kome seg til den tilstøytane stranda Whiteford Sands.
Bukta høver ikkje for bading eller anna vassport sidan ho ligg nær Loughor-estuaret. Estuaret fører til særs kraftige straumar og store bølgjer.
I nærleiken ligg landsbyane Llangenith, Llanmadoc og lenger unna ligg Llanrhidian. Det er campingplassar i kvar ende av bukta, men stranda er stort sett roleg sjølv om sommaren.