Eg heiter Ranveig Thattai og er opphavleg sandnesgauk, men har no budd i England i over ti år. Eg er fødd i 1980 og har vore med på Wikipedia-prosjekta sidan 2004. Her på Nynorsk Wikipedia har eg administrator- og byråkratverktøy, men som dei fleste andre her meiner eg erfaring og kunnskap er viktigare enn tekniske løyve. Eg har mastergrad i humaniora og har mellom anna studert engelsk og amerikansk litteratur, britisk-indisk historie og omsetjing. Eg interesserer meg for mange ting, som britisk, indisk og norsk historie, men særleg for å få heile Nynorsk Wikipedia til å bli eit flott og forseggjort prosjekt. Derfor ryddar, korrekturles og illustrerer eg gjerne andre sine artiklar. Eg har også ein del erfaring knytt til malar, opphavsrett på filer og bruk av Wikimedia Commons. Ta gjerne kontakt på diskusjonssida eller e-post om du har spørsmål.
|