Brushane | |
Brushanehann | |
![]() Brushanehoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() Status i Noreg: ![]() ![]() Utbreiinga av Brushane | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Snipefamilien Scolopacidae |
Slekt: | Calidris |
Art: | Brushane C. pugnax |
Vitskapleg namn | |
Calidris pugnax |
Brushane (Calidris pugnax) er ein middels stor vadefugl som hekkar i myrar og våte enger over det nordlege Eurasia. Denne svært selskapelege snipa er ein trekkfugl og dannar nokon gongar enorme flokkar på vinterområda, som inkluderer Sør- og Vest-Europa, Afrika, Sør-Asia og Australia.
Brushanen skil seg i utsjånad frå andre sniper med eit relativt lite hovud. Han viser markert kjønnsdimorfisme; hannen er mykje større enn hoa (brushøna), og har ei leikdrakt som inkluderer fargerike vorter, naken oransje ansiktshud, omfattande svart på brystet og den store kragen av prydfjør som inspirerte det engelske namnet til denne fuglen, ruff. Hoa og den ikkje-hekkande hannen har gråbrun overside og hovudsakleg kvit underdel. Hannar har ei av tre ulike leikdraktar, inkludert ei sjeldan form som etterliknar hoa. Dei bruker ei rekkje strategiar for å få høve til paring på leiken, og dei fargerike hovud- og nakkefjørene er reist som ein del av den forseggjorde oppvisinga. Hoa har eit ungekull per år og legg fire egg i eit godt skjult reir, rugar egga og oppdreg ungane, som er mobile og rører på eiga hand rett etter klekkinga. Predatorar av ungar og egg inkluderer pattedyr som rev, villkatt og røyskatt, og fuglar som store måsar, kråkefuglar og joar.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet rliste21