Buffalo Springfield | |||
| |||
Opphav | Los Angeles, California i USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1966–1968, 2010 | ||
Sjanger | Folkrock | ||
Plateselskap | Atco | ||
Medlemmer | Richie Furay Stephen Stills Neil Young | ||
Tidlegare medlemmer | Dewey Martin Bruce Palmer Jim Messina | ||
Prisar | Rock and Roll Hall of Fame |
Buffalo Springfield var ei amerikansk rockegruppe som tente som springbrett for karrierane til Neil Young, Stephen Stills, Richie Furay og Jim Messina. Young og Stills spelte seinare i Crosby, Stills, Nash & Young. Buffalo Springfield er mest kjend for songen «For What It's Worth». Etter bandet vart danna i april 1966, førte ei rekkje forstyrringar, mellom anna intern krangling og arbeidspress frå musikkindustrien til at gruppemedlemmene konstant vart skifta ut, og det heile enda med at gruppa vart oppløyst etter berre 25 månader. Buffalo Springfield gav i alt ut tre album, men etterlet seg mange demoopptak, unytta studioopptak og konsertopptak.[1] Trass i den korte tida bandet varte, var det likevel eit av dei viktigaste banda i 1960-åra og nesten alle medlemmene gjekk vidare til suksessrike karrierar, og to av dei, Stills og Young, vart store rockestjerner.