Bujumbura | |||
hovudstad | |||
Land | Burundi | ||
---|---|---|---|
Del av | Burundi | ||
Høgd | 794 m | ||
Areal | 86,54 km² | ||
Folketal | 658 859 (2014) | ||
Bujumbura 3°22′57″S 29°21′40″E / 3.3825°S 29.361111111111°E | |||
Kart som viser Bujumbura.
| |||
Wikimedia Commons: Bujumbura |
Bujumbura er den største byen og den økonomiske hovudstaden i Burundi. Bujumbura var hovudstad i landet fram til 2019, då stausen blei ført tilbake til Gitega. Byen ligg ved det nordaustlege hjørnet av Tanganyikasjøen og er ein viktig hamneby. I 2014 hadde han eit folketal på om lag 660 000.
I Bujumbura vert det mellom anna produsert tekstilar og såpe. Dei viktigaste eksportvarene i landet vert eksporterte herfrå, som kaffi, bomull, skinn og tinnmalm.