Bukking er ein helsingsgest som skjer ved at ein bøyer overkroppen framover. Eit vanleg bukk er ikkje djupare enn at ein kan halde blikkontakten med den ein helsar på. Når ein helsar på særleg høgtståande personar, bør ein bukke djupare, ved eit djupt bukk kan overkroppen og hovudet danne ein kvartsirkel. Ved nikking bøyer ein hovudet, medan ryggen vert halden rett. Bukket kan ved visse høve verte kombinert med eit handtrykk. Både gutar og jenter, menn og kvinner kan bukke; jenter og kvinner kan i staden velje å neie.