Bulandet

Bulandet
Nyevegen på Bulandet med Alden i bakgrunnen
Nyevegen på Bulandet med Alden i bakgrunnen
Geografi
Stad Sunnfjord
Koordinatar 61°17′26″N 04°37′17″E / 61.29056°N 4.62139°E / 61.29056; 4.62139

Tal på øyar ca. 300
Store øyar 15

Høgaste punkt 43 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestland

Demografi
Folketal ca. 230 (2023)

Bulandet, tidlegare kalla Bue, er ei øygruppe vest i havet i Askvoll kommune. Det er rundt 300 øyer, holmar og skjer i gruppa, ofte blir det sagt talet på dei er 365. Dei rundt 260 personane som bur i Bulandet held til på rundt 15 av øyane. Namnet «Bulandet» kjem av «bu», som i «rorbu» eller «sjøbu». Området er også blitt omtalt som Noreg eller Vestlandet sitt svar på Venezia.

Etter at aktiviteten på Utvær i Solund kommune tok slutt er Bulandet det vestlegaste levande fiskeværet i Noreg. Hovudnæringa er framleis fiske og fiskeforedling, men turisme gjev òg arbeid og innkome og er ein næringsveg i vekst. Det er barnehage og kombinert barne- og ungdomsskule på Bulandet, der òg ungane frå Værlandet går.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne