Bull Island

Bull Island
øy
Land  Irland
Kart
Bull Island
53°22′01″N 6°08′55″W / 53.367065°N 6.14856°W / 53.367065; -6.14856
Wikimedia Commons: Bull Island, Dublin

Bull Island (Oileán an Tharbhirsk) eller meir nøyaktig North Bull Island (Oileán an Tharbh Thuaidh på irsk) er ei øy i Dublin Bay i Republikken Irland. Ho er om lag 5 km lang og 800 meter brei og ligg om lag parallelt til kysten. Ho er mindre enn to hundre år gamal og vart danna av at sand bygde seg opp etter North Bull Wall vart bygd av Kaptein William Bligh tidleg på 1800-talet for å halde kanalen til hamna i Dublin open.

Øya er forbunden til fastlandet via ei trebru og ei vegfylling. Det bur berre få personar på øya og det finst to golfklubbar her.

North Bull Island utgjer det største parkområdet eigd av Dublin.

Øya held fram med å vekse og det er mogeleg at ho i løpet av dei neste 50 åra vert landfast ved Red Rock i Sutton og dannar ein lagune. Sjansane for dette vert derimot rekna som ganske små på grunn av sterke straumar og det djupe vatnet i Suttonsundet.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne