Ein buss er eit køyretøy som er utforma for å frakte ei mengd passasjerar over ein distanse på veg eller gate. Ein sjåfør, somme tider saman med ein konduktør, utgjer mannskapet. Vanlege bussar fraktar med seg drivstoff eller annan energi til framdrifta. Termen buss er ei språkleg nydanning etter det latinske omnibus som tyder for alle. For å føra buss krevst det førarkort klasse D.
Moderne bussar i byområde vert ofte laga som ekstra lange køyretøy med eit ledd som gjer det mogleg å manøvrere bussane i bygatene, sokalla leddbussar. Det finst òg bussar som vert drivne av elektrisk straum frå to leidningar som heng over gata, såkalla trolleybussar. I tillegg kan slike trolleybussar ha eigen diselmotor, slik at dei kan køyrast andre stader enn der det er leidningar. I Noreg er det berre ei bussline i Bergen som nyttar dette systemet.
Somme stader har ein laga ei slags kombinasjon av buss og sporvogn, sokalla sporbuss, ved at ein vanleg buss med gummihjul vert styrt av ei skjenesystem på større eller mindre partar av ruta. Bussen kan anten verte køyrd i betongspor, eller det kan vere sett opp jarnspor langs traseen som horisontale styrehjul på bussen ligg inntil.