Bustadsamvirket

Det som i dag blir omtala som bustadsamvirket eller bustadkooperasjonen, er bustadbyggjelaga og burettslaga. Desse samanslutningane vart lovregulerte i 1960 gjennom lov om bustadbyggelag og lov om borettslag (lov nr. 1 og 2 frå 4. februar 1960), men nemningane var tekne i bruk tidlegare.

Særpreget for bustadbyggjelaget er at det skal skaffe medlemmene bustader. Laget eig normalt ikkje bustadene, derimot er det ei sentral oppgåve for laget å forvalte bustadene på vegner av eigarane. Burettslaget er ei eigeform for bustader: Laget eig dei bustadene som medlemmene disponerer. Medlemmene blir omtala som andelseigarar både i bustadbyggjelag og burettslag.

Bustadbyggjelaga har for det meste, men ikkje berre, organisert nye bustader som burettslag. Desse laga, burettslag som er tilknytte bustadbyggjelaget, er eigne samanslutningar, men andelseigarane må samtidig vere andelseigarar i bustadbyggjelaget. Det har vore vanleg at andelseigarar i bustadbyggjelaget har forkjøpsrett ved omsetning av bustader i tilknytte burettslag, og at bustadbyggjelaget er forretningsførar for burettslaget, og også på andre vis er det ei formalisert tilknyting mellom bustadbyggjelaget og dei tilknytte burettslaga.

Andelseigarane i bustadbyggjelaget er dels dei som samtidig er andelseigarar i tilknytte burettslag, dels andre. Begge gruppene kan få tilgang på bustad gjennom bustadbyggjelaget anten i nybygg eller ved bruk av forkjøpsrett ved omsetning av «brukte» bustader i tilknytte lag. For dei andelseigarane som har bustad i tilknytte lag, er bustadbyggjelaget som nemnt viktig også som forretningsførar for burettslaget. Dessutan er det vanleg at bustadbyggjelaget yter andre tenester til andelseigarane, som omsetning av bustader, framskaffing av rabattavtalar m.m.

Burettslagsforma kan nyttast også utanom dei tilfella der det blir bygt nye bustader for andelseigarane i eit bustadbyggjelag. Lag utan tilknyting til eit bustadbyggjelag blir kalla frittståande lag.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne