Byneset kyrkje | |||
Byneset Church | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Nidaros | ||
Prosti | Heimdal | ||
Sokn | Byneset | ||
Fellesråd | Trondheim | ||
Material | naturstein | ||
Innvigd | ca 1180 | ||
• Vigd til | St. Mikael | ||
Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 230 | ||
![]() Byneset kyrkje 63°21′21″N 10°06′57″E / 63.35583°N 10.11577°E | |||
Wikimedia Commons: Byneset Church |
Byneset kyrkje er ei mellomalderkyrkje i stein på Byneset i Trondheim. Kyrkja vart vigd til St. Mikael. Ein veit ikkje nøyaktig når kyrkja vart innvigd, men ein trur det var i 1180. Steinhoggarmerka er dei same som ein finn på Nidarosdomen. Det er derfor nærliggande å tru at det var dei same som oppførte kyrkja eller i det minste hogg den hogde steinen til kyrkjebygget.