C-vitamin, også kjent som askorbinsyre og L-askorbinsyre, er eit vassløyseleg vitamin og ein antioksidant.
Det er ei svak syre med kjemisk formel . Det er L-enantiomeren som verkar som eit vitamin. D-enantiomeren har ikkje biologisk aktivitet. Enantiomerane inneheld dei same atoma og er spegelbilete av kvarandre.
Vitaminet er nødvendig for regulering av jernopptak og feittforbrenning. Det har òg mange andre funksjonar i kroppen. Dagsbehovet er 60 mg, men mange meiner at ein bør ta langt større dosar. Skjørbuk skuldast mangel på C-vitamin.