CAS-nummer er eit identifiseringssystem for kjemiske sambindingar ved hjelp av unike talkombinasjonar. CAS er ei forkorting for «Chemical Abstracts Service» som er ei avdeling av «American Chemical Society», kjemilaget i USA.
Alle kjemikalie som er skildra i litteraturen blir tildelt eit nummer av CAS. Førebels er det tildelt over 20 millionar CAS-nummer og det kjem nye kvar dag. Sjølve nummeret har inga tyding anna enn som eit løpenummer som kan brukast for å gjera søk i kjemiske databasar lettare, sidan mange stoff har fleire namn. Ein kan bruke CAS-nummer som søkekriterium i dei fleste større kjemikaliedatabasane, og det er eit system som blir brukt internasjonalt.