Cabo Higuer | |||
nes | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Cabo Higuer 43°23′24″N 1°47′46″W / 43.39°N 1.796°W | |||
Wikimedia Commons: Cape Higer |
Cabo Higuer (baskisk Higer lurmuturra) er eit nes i Biscayabukta som stikk ut frå fjellkjeda Jaizkibel på grensa mellom Spania og Frankrike i kommunen Hondarribia (4 km frå sentrum). Her står eit fyr, ein camping og eit par gjestgjevari. Neset vert stundom rekna som den vestlegaste delen av Pyreneane.
Det er funne spor etter dei gamle romarane på 17 meters djupne ved ein naturleg hamneplass ved sidan av borga San Telmo. På havbotnen ligg eit skipsvrak som truleg frå romartida med minerallast og restar av tømmer og keramikk.