Canadian Music Hall of Fame er eit kanadisk æresgalleri skipa i 1978 av Canadian Academy of Recording Arts and Sciences for å hylla framståande personar i kanadisk musikkliv for livslange gjerningar. Medlemmer blir initierte i samband med den årlege prisutdelinga av Juno Award.
I 2016 opna eit museum for æresgalleriet i National Music Centre i Calgary i Alberta.[1]