Candle in the Wind 1997 Singel av Elton John | ||
A-side |
«Something About the Way You Look Tonight» | |
---|---|---|
B-side |
«You Can Make History (Young Again)» | |
Utgjeve | 13. september 1997 | |
Innspelt | September 1997 | |
Sjanger | Poprock | |
Lengd | 4:11 | |
Selskap | Rocket Records (UK) A&M (US/Canada) | |
Komponist | Elton John | |
Tekstforfattar | Bernie Taupin | |
Låtskrivar(ar) | Elton John, Bernie Taupin | |
Produsent | George Martin | |
Elton John-kronologi | ||
«Live Like Horses» (1996) |
Candle in the Wind 1997 | «Recover Your Soul»" (1998)
|
«Candle in the Wind 1997» er ei omskriving og nyinnspeling av Elton John sin eigen «Candle in the Wind» frå 1973 og gjeven ut på singel som ei hyllest til den avdøde Diana, prinsesse av Wales.
I følgje Recording Industry Association of America, som sertifiserer platesal, er singelen «den bestseljande singelen gjennom tidene»[1][2] Guinness Book of World Records 2009 skriv at songen er «den bestseljande singelen etter dei britiske og amerikanske listene byrja i 1950-åra, og har på verdsbasis seld 33 millionar eksemplar».[3][4]
Singelen kom ut i september 1977 og vart den fjerde singelen til John som gjekk til topps i Storbritannia og den mestseljande singelen i britisk musikkhistorie.[5][6] I oktober same året vart han den niande singelen til John som gjekk til topps i USA, og vart liggande på toppen av Billboard Hot 100 i heile 14 veker, og vart den mestseljande singelen i historia til Billboard og den einaste singelen i USA som er sertifisert til diamantplate.[7]
«Candle in the Wind 1997» toppa singellistene i Tyskland i sju veker, i Australia og Noreg i seks veker, og nådde toppen i Japan, Canada, Frankrike og mange andre land.[6]
John vann Grammyprisen for beste mannlege popvokal med songen i 1998.[8] Teksten til den tidlegare versjonen av «Candle in the Wind», skriven av Bernie Taupin, var ei hyllest til Marilyn Monroe. Opningslinja frå 1973-versjonen var «Goodbye Norma Jeane, though I never knew you at all», og vart omskriven til «Goodbye England's rose, may you ever grow in our hearts.» Det meste av teksten vart omskriven for å tilpasse han hendingane kring livet og dødsfallet til Diana.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet AFP
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet RAD2