Cape Shirreff | |||
nes | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stad | Sør-Shetlandsøyane | ||
- koordinatar | 62°27′32″S 60°47′19″W / 62.45889°S 60.78861°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
![]() Cape Shirreff 62°27′32″S 60°47′19″W / 62.4589°S 60.7886°W | |||
Cape Shirreff er eit dominerande nes ved nordenden av den klipperik halvøya som skil Hero Bay og Barclay Bay på nordkysten av Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane. Det ligg ved ei isfri halvøy som dannar nordenden av Ioannes Paulus II Peninsula. Halvøya strekkjer seg inn i eit spesielt verneområde og ein må ha spesialløyve for å gå i land her.[1] På neset finn ein ynglande antarktisk pelssel og pingvinkoloniar.
Neset vart namngjeve av Edward Bransfield i 1820 etter kaptein William H. Shirreff, den britiske øvstkommanderande i Stillehavet på den tida. Vrakrestar som truleg stammar frå «San Telmo», eit spansk fartøy som forliste i Drakesundet i 1819, vart funne av William Smith i 1820 på Half Moon Beach ved Cape Shirreff. Ein varde på Half Moon Beach og ein plakett på Gaviota Hill i nærleiken er reist til minne om ofra på det spanske fartøyet. Desse minnesmerka står oppført på lista over historiske stader og kulturminne i Antarktis.[2]
Cape Shirreff ligg 24,16 km nordaust for Essex Point, 33,63 km sør for Williams Point og 20,58 km nordvest for Siddons Point. Lyung also 809.4 km sør-søraust for Kapp Horn, Cape Shirreff er den staden i området Antarktistraktaten gjeld for som er nærast ikkje-antarktisk territorium.