Cape Wrath | |||
nes | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Cape Wrath 58°37′29″N 5°00′05″W / 58.6248°N 5.0015°W | |||
Wikimedia Commons: Cape Wrath |
Cape Wrath (skotsk-gælisk Am Parbh, kjend som An Carbh i Lewis) er eit nes i Sutherland i Highland, nord i Skottland. Det er det nordvestlegaste punktet på øya Storbritannia.
Namnet Cape Wrath kjem frå det norrøne hvarf («vendepunkt»). Vikingane vende ofte skipa sine heimover ved Cape Wrath. Cape Wrath er ein av berre to stader i Storbritannia med namnet «Cape» («kapp») føre seg. Den andre staden er Cape Cornwall i Cornwall.