Carpenters av Carpenters

Carpenters
Studioalbum av Carpenters
Språk engelsk
Utgjeve 14. mai 1971
Innspelt 1970–71
Sjanger Softrock, tradisjonell pop
Lengd 31:35
Selskap A&M
Produsent Jack Daugherty Productions
Carpenters-kronologi 
Close to You
(1970)
Carpenters A Song for You
(1972)
Singlar frå Carpenters
  1. «For All We Know»
    Utgjeve: 15. januar 1971
  2. «Rainy Days and Mondays»
    Utgjeve: 23. april 1971
  3. «Superstar»
    Utgjeve: 12. august 1971

Carpenters er det tredje studioalbumet til Carpenters.[1] Det kom ut 14. mai 1971 og var det mest suksessrike studioalbumet deira nokon gong med ein andreplass på Billboard 200 i USA og 12. plass på albumlista i Storbritannia. Med hitsongane «For All We Know», «Rainy Days and Mondays» og «Superstar», sette Carpenters Karen Carpenter på kartet som ein av dei dyktigaste vokalistane på 1900-talet.

Det er blitt sagt at styrken i desse innsplingane fekk Richard Carpenter til å be systera si stå framme på scenen under konsertane deira i staden for å sitje bak trommene. Mange fans kallar berre albumet The Tan Album på grunn av fargen på det originale plateomslaget, som såg ut som ein brun konvolutt.[2][3]

Cash Box førte opp Carpenters som eit av dei ti beste albuma i 1971.[4] Dette var det første albumet som hadde den kjende Carpenters-logoen på framsida.

Karen syng solovokal på alle songane, utanom «Druscilla Penny» og «Saturday», og «Walk on By»-delen av Bacharach/David-medleyen, der Richard Carpenter syng solovokal med Karen på korvokal.

  1. Carpenters: CarpentersDiscogs (liste over utgjevingar)
  2. Amazon.com: Carpenters: Music: The Carpenters
  3. The Carpenters Connection - Diskografi
  4. Cash Box YE Pop Album - 1971

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne