Casablanca الدار البيضاء | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Grand Casablanca | ||
Fylke | Casablanca | ||
Koordinatar | 33°32′N 7°35′W / 33.533°N 7.583°W | ||
Areal | 384 km² | ||
Folketal | 3 357 173 (1. september 2014[1]) | ||
![]() Casablanca 33°35′57″N 7°37′12″W / 33.599166666667°N 7.62°W | |||
Wikimedia Commons: Casablanca | |||
Nettstad: http://www.casablanca.ma |
Casablanca (spansk for 'kvitt hus', arabisk الدارالبيضاء, Dar al-Baida) er ein by ved middelhavskysten av Marokko. Han er den største byen i landet, og ligg rundt 10 mil sørvest for hovudstaden Rabat.
Sentrale Casablanca hadde rundt 3,4 millionar innbyggjarar ved folketeljinga i 2014, medan storbyområdet (den administrative regionen Grand Casablanca) hadde rundt 4,3 millionar innbyggjarar. Casablanca er eit økonomisk og kommunikasjonssenter i Marokko. Mange verksemder har hovudkontor her, og byen er det viktigaste industriområdet i landet. Hamna i Casablanca er ei av dei største kunstige hamnene i verda, og den største hamna i Nord-Afrika. Ho er også heimehamn for den kongelege marokkanske flåten.