Cat People (Putting Out Fire)

Cat People (Putting Out Fire)
Singel av David Bowie
frå albumet Cat People: Original Soundtrack
B-side

«Paul's Theme (Jogging Chase)»

Språk engelsk
Utgjeve April 1982
Innspelt juli 1982
Studio Mountain Studios i Montreux
Sjanger New wave[1]
Lengd 4:08 (redigert)
6:41 (full versjon)
Selskap MCA
Komponist Giorgio Moroder
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) Giorgio Moroder (musikk)
David Bowie (tekst)
Produsent Giorgio Moroder
David Bowie-kronologi 
'Baal'
(1982)
Cat People (Putting Out Fire) Peace on Earth/Little Drummer Boy
(1982)


«Cat People (Putting Out Fire)» er ein song spelt inn av den engelske musikaren David Bowie. Songen var tittelsporet til den erotiske skrekkfilmen Cat People frå 1982 og Bowie vart involvert på sporet etter at regissøren Paul Schrader kontakta han om eit samarbeid. Songen vart spelt inn i Mountain Studios i Montreux i Sveits i juli 1981. Bowie skreiv teksten, som reflekterte filmen, medan den italienske produsenten Giorgio Moroder komponerte musikken, som er bygd kring berre to akkordar.

Songen vart gjeven ut på singel på selskapet til Moroder, MCA Records i april 1982 og kom ut i to utgåver på 7"- og 12"-vinyl. Ulike land hadde ulike variantar. Han kom òg ut på det tilhøyrande filmmusikkalbumet. Singelen selde godt og gjekk inn på singellista i både Storbritannia og USA og toppa listene i New Zealand, Sverige, Noreg og Finland. Han vart rekna som ein av dei beste innspelingane til Bowie i 1980-åra. Songen har sidan komen ut på fleire samlealbum og vart ommastra i 2017 for plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982).

Bowie var misnøgd med den originale innspelinga og laga ein ny versjon for det 15. studioalbumet sitt, Let's Dance (1983), spelt inn i Power Station i New York City i desember 1982. Innspelingar var produsert av Chic-medlemmet Nile Rodgers med sologitar av bluesgitaristen Stevie Ray Vaughan. Nyinnspelinga er meir aggresiv. Trass i at nyinnspelinga er den mest kjende versjonen på grunn av suksessen til albumet, er det mange kommentatorar som har meint at denne er langt dårlegare enn originalinnspelinga. Nyinnspelinga vart ommastra i 2018 som ein del av plateboksen Loving the Alien (1983–1988).

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet inglourious basterds soundtrack

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne