Cecil Brower | |||
Fødd | 28. november 1914 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bellevue i Texas | ||
Død | 21. november 1965 (50 år) | ||
Dødsstad | New York City | ||
Fødenamn | Cecil Lee Brower | ||
Alias | Cousin Cecil | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1931–1965 | ||
Sjanger | Western swing, country, jazz | ||
Instrument | fele, bratsj | ||
Kjende instrument | fele | ||
Tilknytte artistar | The Southern Melody Boys
Milton Brown and His Musical Brownies The Light Crust Doughboys The Kilocycle Cowboys Jimmy Dean | ||
Plateselskap | Cumberland, Mercury | ||
Verka som | bandleiar, studiomusikar |
Cecil Lee Brower (28. november 1914–21. november 1965) var ein amerikansk jazzfiolinist som var med å forme western swing i 1930-åra. Han var kanskje den største swing-felespelaren, og kunne improvisere og spele dobbel shuffle. Han skapte sin eigen stil som andre etterlikna. Brower spelte i mange Western-band, mellom anna sitt eige, og var ein mykje nytta studiomusikar i Nashville. Han spelte med somme av dei størte artistane i countrymusikken, før han døydde 50 år gammal som medlem av bandet til Jimmy Dean. Brower er medlem av Texas Music Hall of Fame.