Chacaosundet | |||
sund | |||
Chacao-sundet med Chiloé til venstre, og fastlandet til høgre, sett frå aust i retning Stillehavet i vest
| |||
Land | Chile | ||
---|---|---|---|
Region | Los Lagos-regionen | ||
Chacaosundet 41°47′12″S 73°31′59″W / 41.78674°S 73.53295°W | |||
Wikimedia Commons: Canal de Chacao |
Chacaosundet eller Chacaokanalen (spansk Canal de Chacao) i Los Lagos-regionen i Chile, skil Chiloé-øya frå fastlandet.
Sundet gjev ei opning med skipslei frå Ancudfjorden ut mot Stillehavet. På det smalaste er sundet ca. 2300 meter breitt.[1] Leia har ei minste djupne på 12 famnar (22 meter) og straumtilhøva er rekna som farlege.[2]
Sundet vart skapt under dei kvartære istidene med etterfølgjande isbrear som rann ned frå Andesfjella til kysten.
Ei bru over sundet er under bygging og er planlagt tatt i bruk tidleg i 2026. Per november 2022 er nær ein tredel av byggearbeidet fullført. Brua vil ha fire køyrefelt, ho vil bli den lengste hengebrua i Latin-Amerika og skal haldeast oppe av tre betongtårn, kvart ca. 200 meter høgt.[3] Eit konsortium på tre selskap, medrekna det norske Aas-Jakobsen, fekk kontrakten på prosjektet i 2014.[4]
Ei kraftleidning i luftspenn med ei spennlengd på 2680 meter som kryssar Chacaosundet blei tatt i bruk i 1993. Tårna i kvar ende av dette spennet er 179 meter høge.[5]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet earth
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet sail
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet soychile
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet aasj
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet transelec