Chakra

Sju hovudchakra

Chakra (frå sanskrit cakraṃ चक्रं, fonetisk uttale «chukr»; pali chakka; tibetansk khorlo; malaysisk cakera) er senter med intens, kvervlande energi som i følge tradisjonell indisk medisin ligg på spesifikke punkt i kroppen som ikkje kan sansast. Andeleg og emosjonell energi strøymer gjennom punkta. Ordet chakra kjem frå sanskrit og kan omsetjast med hjul.

Sju hovudchakra eller energisenter skal eksistere og liggje langs midten av overkroppen. Det skal i tillegg finnast nokre underchakra som er plassert nedover beinet. Austlege medisinske tradisjonar og meditasjonsformer meiner chakra påverkar kroppen både psykisk og fysisk. Sjølv om det i første rekkje er eit psykisk fenomen, er det ein oppfatning at dei ulike energipunkta korresponderer fysisk med bestemte endokrine kjertlar. Dei forskjellige chakra skal ha tyding for ulike delar av kroppen og styre ulike kjensler. Sansane knytast gjerne til bestemte chakra. Det har også vorte vanleg å forbinde dei ulike chakra med ein bestemt farge. I følge hinduistisk tradisjon er dei enkelte chakra knytte til ein gud. Dei ulike chakra vert òg gjerne knytte til eit element. Eit spesielt mantra kan knytast til dei ulike chakra, og kan seiast for å stimulere punktet.

Mykje av den opphavlege informasjonen om chakra kjem frå den hinduiske teksten Upanishad, som vart skriven ned 1200-900 f.Kr.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne