Chamonix | |
---|---|
![]() | |
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Auvergne-Rhône-Alpes Haute-Savoie |
Geografi | |
Flatevidd | 116,53 km² |
Flatevidd - By |
245,46 km² |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
9 830 40/km² |
Koordinatar | 45°55′N 06°52′E / 45.917°N 6.867°E |
Høgd over havet | 1 032 m |
Tidssone | CET (UTC+1) |
Diverse anna | |
Heimeside: www.chamonix-mont-blanc.fr |
Chamonix, eller Chamonix-Mont-Blanc, er ein by med om lag 10 000 innbyggjarar søraust i Frankrike. Byen ligg ved foten av Mont Blanc i departementet Haute-Savoie i regionen Auvergne-Rhône-Alpes, og er ein populær vintersportsstad. Dei første olympiske vinterleikane vart halde her i 1924.
Chamonix består av tre landsbyar som ligg 1 350, 1 550 og 1 650 moh. Landsbyane har namn etter høgda dei ligg i. Chamonix 1650 er kjend for sitt livlege uteliv blant skituristane.