Chang Jiang | |||
Yangtze, Jinsha | |||
elv | |||
Offisielt namn: 長江, Cháng Jiāng | |||
Fleire namn: Ch'ang Chiang 揚子江, Yángzǐ Jiāng, Yangtze Kiang | |||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Chang Jiang 33°26′39″N 90°56′10″E / 33.444166666667°N 90.936111111111°E | |||
Kart som viser Chang Jiang.
| |||
Wikimedia Commons: Yangtze River |
Chang Jiang (Chángjiāng, 'Lang elv') i Kina er den lengste elva i Asia og den tredje lengste i verda, etter Amazonas i Sør-Amerika og Nilen i Afrika. Elva er òg kjent som Yangtze, og det øvre elveløpet blir kalla Jinsha. Namnet Yangzi vart opphavleg brukt lokalt om den nedre delen av elveløpet. Men ettersom dette var det første namnet som kristne misjonærar vart kjent med, vart Yangtze raskt nytta utanlands om heile elva. I Vesten, og særleg i Frankrike, kan ein av og til høyre namnet «Den blå elva» (Fleuve Bleu).
Elva er omkring 6 300 km lang. Ho blir sett på som skiljet mellom Nord- og Sør-Kina, men andre ser på elva Huang He, eller elva Huai He, som dette skiljet.
Chang Jiang renn ut i Austkinahavet. Elva er hovudtransportåre for gods frå innlandet og til kysten i Kina.
Det har vore eit stort problem at elva har gått over breiddene sine.
Ei rad større byar ligg langs eller tett innved Chiang Jiang: Yibin, Panzhihua, Luzhou, Chongqing, Yichang, Jingzhou, Shishou, Yueyang, Xianning, Wuhan, Ezhou, Huangshi, Huanggang, Chaohu, Chizhou, Jiujiang, Anqing, Tongling, Wuhu, Hefei, Chuzhou, Ma'anshan, Taizhou, Yangzhou, Zhenjiang, Nanjing, Nantong og Shanghai.
Mellom dei større sideelvane er Xiang Jiang, Lishui, Yalong, Zi Jiang, Yuan Jiang, Yuan og Han.
I 2006 opna Tre kløfter-demninga, eit av dei største vassmagasina i verda. Anlegget gjev den største vasskraftproduksjon i verda med ein installert kapasitet på 18.200 MW.