ChangesNowBowie Konsertalbum av David Bowie | ||
Utgjeve | 29. august 2020 | |
Innspelt | November 1996 | |
Spelestad | Looking Glass Studios i New York City | |
Selskap | Parlophone | |
David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
Ouvre Le Chien (Live Dallas 95) (2020) |
ChangesNowBowie | The Width of a Circle (2020)
|
ChangesNowBowie er eit album av den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut 29. august 2020 i høve Record Store Day, på Parlophone. Albumet bestod av ni songar som vart spelt inn akustisk for radio og vart kringkasta av BBC i høve 50-årsdagen til Bowie den 8. januar 1997.
Albumet vart produsert av Bowie sjølv i lag med Reeves Gabrels og Mark Plati. Albumet vart spelt inn i Looking Glass Studios i New York City i november 1996.
Biletet på omslaget var eit svartkvittbilete av Bowie teken av fotografen Albert Watson i New York i 1996.