Changestwobowie Samlealbum av David Bowie | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 16. november 1981 | |
Innspelt | 1971–1980 | |
Sjanger | ||
Lengd | 42:37 | |
Selskap | RCA | |
David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
Christiane F. (1981) |
Changestwobowie | Baal (1982)
|
Singlar frå Changestwobowie | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
The Encyclopedia of Popular Music | [2] |
The Rolling Stone Album Guide | [3] |
Changestwobowie er eit samlealbum av den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut i november 1981 på RCA Records.[4] Det er ein oppfølgjar til samleplata Changesonebowie frå 1976, og tittelen og plateomslaget følgjer same formatet som det albumet.
I tillegg til utvalde singlar frå tida etter 1976, kom albumet med fem songar frå tidlegare i karrieren til Bowie, som ikkje hadde vore på Changesonebowie, inkludert «Wild Is the Wind» frå Station to Station, som vart gjeven ut på singel for å marknadsføre albumet, i lag med ein nyfilma musikkvideo for songen.[5] Albumet gjorde det ikkje like godt på salslistene som det første hadde gjort, og nådde 24. plassen[6] på UK Album Chart og 68. plassen i USA.
RCA gav ut albumet på CD i 1984, men denne gjekk raskt trekt attende, i lag med andre album av Bowie, på grunn av ein konflikt mellom Bowie og RCA. Changestwobowie vart ikkje gjeve ut på ny då Rykodisc fekk rettane til å gje ut heile Bowie-katalogen på ny i 1990. Rykodisc sette i staden saman eit nytt samlealbum kalla Changesbowie, ei utvida utgåve av Changesonebowie.
Changestwobowie kom ut i si opphavlege form på Rhino, på vinyl, CD og på digitale format den 13. april 2018.[7]