Chantal Janzen | |||
| |||
Fødd | 15. februar 1979 (45 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Tegelen | ||
Aktive år | 2002– | ||
Verka som | programleiar, arrangementvert, songar, teaterskodespelar, filmskodespelar | ||
Prisar | Zilveren Televizier-Ster (female presenter) |
Chantal Janzen (fødd 15. februar 1979) er ein nederlandsk skodespelar, musikalartist og tv-programleiar. Ho har hatt roller i nederlandske filmar som De Dominee, Volle maan og Deuce Bigalow: European Gigolo, og ho har leia Idols. Janzen spelte òg rollen som Belle i den nederlandske musikalversjonen av Skjønnheten og udyret og Jane i Tarzan. Ho starta seinare ein tv-karriere i den nederlandske kanalen AVRO der ho leia prisshowet Gouden Televizier-Ring Gala frå 2008 til 2010. I 2011 gjekk ho over til den kommersielle TV-kanalen RTL 4, der ho har leia program som Holland's Got Talent og The Voice of Holland. Janzen har vunne Televizier-Ster-prisen for beste tv-programleiar fem gongar. I 2020 skulle Janzen vore programleiar for Eurovision Song Contest frå Rotterdam i Nederland, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020.[1] I staden leia ho tevlinga i 2021.[2]