Charles Darwin |
|
|
Fødd | Charles Robert Darwin 12. februar 1809 The Mount, Shrewsbury |
---|
Død | 19. april 1882 Down House, Shrewsbury, London |
---|
Nasjonalitet | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
---|
Område | biologi, naturhistorie, zoologi |
---|
Yrke | geolog, oppdagar, reiseforfattar, etolog, naturvitar, filosof, skribent, botanikar |
---|
Institusjonar | Royal Geographical Society |
---|
Alma mater | Christ's College University of Edinburgh Medical School Shrewsbury School University of Cambridge University of Edinburgh |
---|
Ektefelle | Emma Darwin |
---|
Barn | Anne Darwin, Francis Darwin, William Erasmus Darwin, Henrietta Darwin, George Darwin, Leonard Darwin, Horace Darwin, Charles Waring Darwin, Elizabeth Darwin, Mary Eleanor Darwin |
---|
Medlem | Royal Society Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Kungliga Vetenskapsakademien American Philosophical Society Det ungarske vitskapsakademiet Schlesische Gesellschaft für vaterländische Kultur American Academy of Arts and Sciences Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen Accademia Nazionale dei Lincei Zoological Society of London Det franske vitskapsakademiet Det russiske vitskapsakademiet Det prøyssiske vitskapsakademiet Royal Geographical Society Det bayerske vitskapsakademiet Accademia delle Scienze di Torino Plinian Society |
Charles Robert Darwin (12. februar 1809–19. april 1882) var ein vidgjeten britisk naturforskar. Han vert rekna for å vere grunnleggjaren av utviklingslæra; læra som fortel at evolusjon ved naturleg utval har forma livet på jorda. Såleis har han vorte den mest innflytnadsrike teoretikaren i biologien og er kjend som ein av dei viktigaste vitskapsfolk gjennom tidene.
Boka The Origin of Species by Means of Natural Selection, or The Preservation of Favoured Races in the Struggle for Life, vanlegvis forkorta til The Origin of Species (norsk Artenes opprinnelse), som kom ut i 1859, la fram teorien hans om utvikling gjennom naturleg utval, og vert rekna som hovudverket hans. Descent of Man vert rekna som hans andre viktigaste bok. Darwin publiserte òg ei rekkje større og mindre verk, om så ulike tema som korallrev, rur, seksuell seleksjon, kroppsspråk og meitemakk.