Charles Messier

Charles Messier

Charles Messier
Fødd26. juni 1730(1730-06-26)
Badonviller i Frankrike
Død12. april 1817 (86 år)
Paris i Frankrike
Nasjonalitetfransk
OmrådeAstronomi
Yrkeastronom
Kjend forMessierkatalogen
EktefelleMrs Charles Messier
MedlemRoyal Society
Kungliga Vetenskapsakademien
Det franske vitskapsakademiet
Det russiske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Académie de Stanislas

Charles Messier (26. juni 173012. april 1817) var ein fransk astronom, mest kjend for å publisere ein astronomisk katalog som bestod av stjernetåker og stjernehopar og vart kjend som dei 110 «Messier-objekta». Føremålet med denne katalogen var å hjelpe astronomiske observatørar, særleg kometoppdagarar som han sjølv, til å skilje mellom permanente og flyttande, diffuse lekamar på himmelen.

Messier var astronom ved Marineobservatoriet i Paris. Han var særskild interessert i studiet av kometane og oppdaget sjølv 21. Ludvig XV kalla han spøkefullt for le furet des comètes («kometsporhunden»). Under arbeidet sitt med kometane laga han ein katalog over 113 stjernehoper og tåker som kunne forvekslast med kometer (1781). Mange av desse objekta har framleis nummer frå denne katalogen, Messierkatalogen, til dømes Messier 1 (M 1), som er Krabbetåka i Tyren.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne