Charlotte av Mecklenburg-Strelitz |
Dronning Charlotte måla av Thomas Gainsborough i 1781 |
|
Fødd | 19. mai 1744 Mirow i Mecklenburg-Strelitz |
---|
Død | 17. november 1818 (74 år) Kew Palace i Surrey i England |
---|
Tittel | kongegemalinne |
---|
Føregangar | Caroline av Ansbach |
---|
Etterfylgjar | Caroline av Braunschweig |
---|
Alle titlar | Queen consort of Great Britain and Ireland, Consort of the United Kingdom of Great Britain and Ireland |
---|
Hus eller slekt | Huset Mecklenburg |
---|
Gravstad | St. George's Chapel |
---|
Land | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
---|
Mor | Elisabeth Albertina av Sachsen-Hildburghausen. |
---|
Far | Karl Ludvig Fredrik av Mecklenburg-Strelitz |
---|
Ektefelle | Georg III av Storbritannia |
---|
Barn | Georg IV av Storbritannia, Frederick, hertug av York og Albany, Vilhelm IV av Storbritannia, Charlotte av Württemberg, Edward Augustus, Augusta Sophia av Storbritannia, Elisabeth av Hannover, Ernst August I av Hannover, Augustus Frederick, hertug av Sussex, Adolphus, hertug av Cambridge, Maria av Hannover, Sophia av Storbritannia, Octavius av Storbritannia, Alfred av Hannover, Amelia av Hannover |
Charlotte av Mecklenburg-Strelitz (19. mai 1744–17. november 1818) var dronning av Storbritannia, gift med Georg III. Ho var dotter av Karl Ludvig Fredrik av Mecklenburg-Strelitz og Elisabeth Albertina av Sachsen-Hildburghausen.
Dronning Charlotte var kjend som ein mesen som støtta musikarar som Mozart og Johann Christian Bach, biletkunstnarar som Johann Zoffany og ei kort tid Thomas Lawrence, handverkarar som William Vile og Thomas Heming, og landskapsarkitekten Capability Brown. Ho var også ein ivrig amatørbotanikar som bidrog til å utvida den botaniske hagen Kew Gardens.
Charlotte var ikkje-regjerande dronning i 57 år, lenger enn nokon annan i engelsk historie.