Chelmsford | ||
---|---|---|
![]() | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | ![]() | |
Konstituerande land | ![]() | |
Grevskap | Essex | |
Distrikt | Chelmsford | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2007) |
103 783 | |
Koordinatar | 51°44′N 0°28′E / 51.733°N 0.467°E | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | CM1,CM2,CM3 | |
Telefon-retningsnummer | 01245 | |
Chelmsford er administrasjonsbyen i grevskapet Essex i England. Byen ligg omkring 48 km nordaust for London, midtvegs mellom hovudstaden og Colchester. Chelmsford ligg nesten nøyaktig i midten av Essex, og det er antakeleg dette som er årsaka til at han er administrasjonsby sjølv om byen korkje er den største eller den eldste byen i grevskapet. Han er også administrasjonssenter for distriktet Chelmsford, som dekker eit større område.
Byen er sete for Chelmsford bispedømme, som har Englands nest minste katedral (ei kyrkje som blei oppgradert til katedral), og heimby for Anglia polytekniske universitet.
Distriktet har ca. 156 000 innbyggjarar (2001). Av dette bur omkring ein tredel i byen Chelmsford.