சென்னை, Chennai | |
---|---|
![]() | |
Styresmakter | |
Land Delstat Distrikt |
India Tamil Nadu Chennai |
Borgarmeister | M. Subramaniam |
Geografi | |
Flatevidd | 426 830 040 km² |
Flatevidd - By |
181,06 km² |
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik - Storbyområde |
4 352 932 24,041/km² 7 066 778 |
Koordinatar | 13°5′24″N 80°16′12″E / 13.09000°N 80.27000°E |
Høgd over havet | 6 moh. (gjennomsnitt) m |
Tidssone | IST (UTC+5:30) |
Diverse anna | |
Postnummer | 600 xxx |
Telefon-retningsnummer | +91 (0)44 |
Bilnummer | TN-01, 02, 04, 05, 07, 09, 10 |
Heimeside: www.chennaicorporation.com | |
Plassering | |
![]() |
Chennai, tidlegare Madras, er ein hamneby på Koromandelkysten i India, ved Bengalbukta. Han er hovudstaden i delstaten Tamil Nadu og er med sine 7,6 millionar innbyggjarar (est. 2007) den fjerde største byen i India, etter Mumbai, Delhi og Kolkata.
Chennai er eit kulturelt og økonomisk senter. Han har flyplass, hamn, jarnbanestasjon og er eit vegknutepunkt med fem nasjonale motorvegar som går derfrå til byar som Kolkata, Bangalore, Trichy, Tiruvallur og Puducherry. Bil- og dataindustri og finans er dei viktigaste næringsvegane.
Byen har eit universitet og fleire høgskolar og er ein viktig arena for karnatisk musikk, dans, tamilsk film og teater. Han har fleire gamle hindutempel, som Kapaleeswarar og Parthasarathy, og den eldste britiske festninga i India, Fort St George, ligg her. Chennai er kjend for den 12 km lange sandstranda Marina Beach og for Guindy nasjonalpark, eitt av få slike område som ligg innanfor ei bygrense. I november 2013 er byen vertskap for verdmeisterskapen i sjakk mellom Magnus Carlsen og Viswanathan Anand