Chester Thompson | |||
Chester spelar med Genesis under Turn It On Again-turneen (2007) | |||
Fødd | 11. desember 1948 (76 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Baltimore, Maryland, USA | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1973 til i dag | ||
Sjanger | Progressiv rock, poprock, jazzfusion | ||
Instrument | Trommer | ||
Verka som | trommeslagar, jazzmusikar, musikar |
Chester Cortez Thompson (fødd 11. desember 1948) er ein amerikansk trommeslagar og studiomusikar.[1]
Thompson vart kjend som studiomusikar og starta så å turnere med Frank Zappa i 1973-1974 og på albumet Weather Report Black Market (1976).[2] Han spelte på Zappa-album som Roxy & Elsewhere (konsertopptak 8-10.12.1973 & 8.5.1974), You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 2 (Live in Helsinki i Finland 22–23.9.1974, utgjeve 1988) og One Size Fits All (1975).
Han var turnétrommeslagar for Genesis frå 1977 til 2007.[3] Han kom inn i bandet då frontmannen Peter Gabriel slutta og den dåverande trommeslagaren Phil Collins tok over rolla til Gabriel som songar. Collins spelte derimot framleis trommer i studio, så Thompson spelte berre på konsertane til bandet.[4] Chester er med på konsertalbuma deira Seconds Out (1977), Three Sides Live (1982), The Way We Walk Volume 1 (1992) & Volume 2 (1993) og Live Over Europe 2007. Han valde å ikkje vere involvert i Calling All Stations-turneen i 1998 då bandet ikkje inviterte han i studio då Collins slutta i bandet.
Thompson har òg arbeidd med Phil Collins på soloturneane hans, og har i tillegg spelt på Steve Hackett-albuma Please Don't Touch (1978) og Watcher of the Skies: Genesis Revisited (1996). Seinare spelte han på album med Tony Banks. Han var med på å starte bandet Fire Merchants med Brand X-gitarist John Goodsall og bassist Doug Lunn. Chester spelte òg med Santana i 1984.