Chicagoblues

Bluesartistar på Maxwell Street kring 1950.

Chicagoblues eller Chicago blues er ei form for bluesmusikk frå Chicago i Illinois. Chicagoblues er ein elektrisk bluesstil innan urban blues. Urban blues utvikla seg frå klassisk blues etter flukta frå Sørstatane, der afroamerikanarar frå Sørstatane både frivillig og under tvang flytta til industribyane i nord, som Chicago. Muddy Waters var ein av dei som flytta, og som så mange andre flytta han frå Florida for å unngå dei strenge Jim Crow-lovene i sør. Bruce Iglauer, som skipa Alligator Records, sa at «Chicagoblues er musikken frå industribyen, og har ei industrikjensle ved seg.» Bluessongaren og gitaristen Kevin Moore såg endringa i bluesen og sa at «Du må gje det nytt liv, nytt blod, mye perspektiv. Du kan ikkje berre snakke om muldyr og arbeid på elvebardane.»[1] Chicago blues var kraftig påverka av bluesmusikarane frå Mississippi som reiste til Chicago tidleg i 1940-åra. Utviklinga av blues, fram til Chicago blues, følgjer mønsteret frå country blues til by-blues til urban blues. Chicago blues er basert på lyden av elektrisk gitar og munnspel, der munnspelet vert spelt gjennom eit PA-system eller ein gitarforsterkar.

  1. William H. Frey, «The New Great Migration: Black Americans' Return to the South, 1965–2000», The Brookings Institution, May 2004, s. 1–3, henta 11. juni 2018.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne