Chiltern Hills er ein kalksteinsrygg i Søraust-England. Dei vert lokalt kalla «the Chilterns». Ein stor del av åsane vart erklært Area of Outstanding Natural Beauty i 1965.
The Chilterns strekkjer seg 75 km sørvest til nordaust frå Goring-on-Thames i Oxfordshire, gjennom Buckinghamshire, via Dunstable Downs og Deacon Hill i Bedfordshire, til nær Hitchin i Hertfordshire.[1]
Grensa mellom åsane er tydeleg definert på nordvestsida av ein bratt skrent, medan åsane glir meir forsiktig over i landskapet i søraust.[2] På liknande måte markerer Themsen ei tydeleg grense i sørvest, medan dei nordaust for Luton går slakt ned mot landskapet kring.
Ryggen har skapt ein naturleg veg gjennom landskapet, og den romerske vegen Icknield Way følgjer same linje.