Chris Squire | |||
![]() Med Yes i Indianapolis, 30. august 1977 | |||
Fødd | 4. mars 1948 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | London, England | ||
Død | 27. juni 2015 (67 år) | ||
Dødsstad | Phoenix i Arizona | ||
Fødenamn | Christopher Russell Edward Squire | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1965 til i dag | ||
Sjanger | Progressiv rock, symfonisk rock, pop | ||
Instrument | Bass, vokal, tangentinstrument, gitar | ||
Kjende instrument | Rickenbacker 4001CS | ||
Tilknytte artistar | The Selfs, The Syn, Mabel Greer's Toyshop, Yes, XYZ, Conspiracy | ||
Plateselskap | Atlantic, Wounded Bird, Sanctuary, Lime, Stone Ghost | ||
Verka som | Musikar, songar og låtskrivar |
Christopher Russell Edward «Chris» Squire (4. mars 1948–27. juni 2015) var ein engelsk musikar, mest kjend som bassgitarist og korvokalist i progrockbandet Yes. Han var fram til han døydde det einaste medlemmet som var med på alle albuma til bandet. Han vart rekna som ein av dei mest dominerande bassgitaristar i den tidlege britiske progrocken, og påverka likemenn og seinare generasjonar bassistar med den skjerande stilen og dei utførlege, melodiske basslinjene sine. Han spelte hovudsakleg på ein Rickenbacker 4001.
Det første bandet hans var The Selfs som seinare skulle bli til The Syn, som var eit psykedelisk rockeband som hadde moderat suksess i 1967, og turnerte saman med blant andre Pink Floyd. Han møtte så Jon Anderson og Peter Banks då dei spelte saman i Mabel Greer's Toyshop. Rett etter at Anderson og Banks forlét bandet følgde Squire etter og saman starta dei Yes.