Christian Winther | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 29. juli 1796 Sjælland |
Død |
30. desember 1876 (80 år) |
Yrke | lyrikar, skribent, prosaforfatter, omsetjar |
Ektefelle | Julie Constance Werliin |
Christian Winther på Commons |
Rasmus Villads Christian Ferdinand Winther (29. juli 1796–30. desember 1876) var ein dansk diktar.
Christian Winther vart fødd på Fensmark Præstegård i Sydsjælland. Han tok teologisk embetseksamen i 1824, og verka deretter som huslærar. I 1830 la han ut på reise til Italia. Han gifta seg i 1848 med Julie Werliin.
Winther skreiv dei første dikta sine medan han studerte teologi, men den eigenlege dikterdebuten fekk han i 1828 med diktsamlinga «Digte». Utgjevinga av «Digte, gamle og nye» eit par år seinare, plasserte han blant dei beste danske naturlyrikarane.
Winther skreiv dikta som Edvard Grieg nytta i sitt Opus 10 (Fire enkle songar med klaverakkompagnement).