Christine McVie | |||
McVie i 1977 | |||
Fødd | 12. juli 1943 (81 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bouth i Cumbria i England | ||
Død | 30. november 2022 | ||
Dødsstad | London | ||
Fødenamn | Christine Anne Perfect | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1967-1998, 2004, 2013-2022 | ||
Sjanger | Blues, poprock, softrock, pop | ||
Instrument | vokal, klaverinstrument, gitar, bass, piano, tamburin | ||
Stemmetype | alt | ||
Tilknytte artistar | Fleetwood Mac, Chicken Shack | ||
Plateselskap | Blue Horizon, Reprise, E1 (US), Sanctuary | ||
Verka som | Songar-låtskrivar, klavarspelar | ||
Gift med | John McVie, Eddy Quintela | ||
Sambuar med | Dennis Wilson |
Christine Anne Perfect (12. juli 1943–30. november 2022), med artistnamnet Christine McVie, var ein engelsk songar-låtskrivar og klaverspelar. Ho vart kjend som medlem av rockebandet Fleetwood Mac, og kom med i bandet i 1970 då ho var gift med bassisten John McVie.[1] Åtte songar ho skreiv og song på finst på Greatest Hits-albumet til bandet, inkludert «Don't Stop», «Little Lies», «Everywhere», «Over My Head» og «You Make Loving Fun». Ho har òg gjeve ut tre soloalbum. AllMusic-kritikaren Steve Leggett skreiv om McVie at ho hadde ein «naturleg, røykaktig, låg altvokal», og skildra ho som «ein songar/låtskrivar det var lett å høyre på, og den viktigaste bidragsytaren til somme av dei største hittane til Fleetwood Mac.»[2]
I 1998 vart McVie, som medlem av Fleetwood Mac, innlemma i Rock and Roll Hall of Fame og fekk Brit Award for eineståande bidrag til musikk. Etter ho trekte seg frå bandet, har ho arbeidd på solomateriale i ein ombygd låve i heimen sin i Wickhambreaux i Kent. McVie spelte med Fleetwood Mac på O2 Arena i London i september 2013, og kom attende til bandet i januar 2014. Den første heile konserten hennar med bandet sidan ho kom attende var i oktober 2014.[3] I 2014 fekk ho Ivor Novello-prisen for heile karrieren sin.[4]