Chuck Berry | |||
![]() Berry i 1958. | |||
Fødd | 18. oktober 1926 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Saint Louis, San Jose i California | ||
Død | 18. mars 2017 (90 år) | ||
Dødsstad | Saint Charles | ||
Fødenamn | Charles Edward Anderson Berry | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1955-2017 | ||
Sjanger | Rock and roll | ||
Instrument | Gitar, vokal | ||
Kjende instrument | Gibson ES-355 Gibson ES-125 | ||
Stemmetype | tenor | ||
Plateselskap | Chess, Mercury, Atco | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar | ||
Gift med | Themetta Suggs | ||
Born | Ingrid Berry | ||
Prisar | Grammy Lifetime Achievement Award, Rock and Roll Hall of Fame, Polar Music Prize, Kennedy Center Honors, stjerne på Hollywood Walk of Fame |
Charles Edward Anderson «Chuck» Berry (fødd 18. oktober 1926 i Saint Louis i USA, død 18. mars 2017) var ein USA-amerikansk gitarist, songar og låtskrivar, kjend som ein av pionerane innan rock and roll.
Chuck Berry var ein del av den første gruppa av musikarar som vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame då han opna i 1986, og på Rock and Roll Hall of Fame si liste over «dei 500 songane som forma rock and roll», er tre av Chuck Berry sine songar med: «Johnny B. Goode», «Maybellene» og «Rock & Roll Music».[1] Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte han på ein sjetteplass i si liste over dei 100 største gitaristane gjennom tidene.[2] Berry har også fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.